Hopp til hovedinnhold

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse blir halden i Oslo annakvart år og trekkjer til seg framståande songtalent frå heile verda. Dronninga følgjer konkurransen og overrekkjer sjølv prisen til vinnarane.

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse vart arrangert for første gong i 1988, da som ein konkurranse for pianistar. Føremålet var å skape ein internasjonal musikkarena i Noreg som kunne synleggjere unge musikkutøvarar, og å gje norske solistar ein sjanse til å bli vurdert på eit internasjonalt nivå.

I samband med 100-årsjubileet for Kirsten Flagstads fødsel i 1995 vart det bestemt at konkurransen det året skulle ha med berre songarar. Det vart svært vellukka, og sidan har dette vore ein songkonkurranse.

Lise Davidsen er den foreløpig siste norske vinnaren av konkurransen. Ho gjekk av med sigeren i 2015 og debuterte i 2019 ved Festspela i Bayreuth og ved Metropolitan Opera i New York. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Gjennom åra har finaleveka vorte utvida til òg å omfatte konsertar og meisterklassar. I 2013 feira Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 25-årsjubileet sitt.

Deltaking frå heile verda

Deltakarane i konkurransen er i hovudsak nyutdanna songarar i starten på ein karriere innanfor opera og klassisk musikk. Øvre aldersgrense er 32 år. Til kvar konkurranse kjem det inn søknader frå songarar frå heile verda, med ein foreløpig rekord i 2019, da 304 songarar frå 50 ulike land søkte om å delta.

Vinnarane får pengepremiar og eit grafisk trykk signert av Hennar Majestet, i tillegg til karrieresjansar i form av prestisjefylte engasjement og anerkjenning.

I 2017 var det Seungju Bahg frå Sør-Korea som gjekk sigrande ut av konkurransen. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen / QSIMC

Organisasjonen

Konkurransen er organisert som ei stifting og blir arrangert annakvart år i eit samarbeid mellom Den Norske Opera & Ballett, Noregs Musikkhøgskole, Oslo-Filharmonien, NRK og Det kongelege hoffet.

Juryen blir sett saman av internasjonalt anerkjende operapersonlegdommar og -administratorar. 

 

 

03.09.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Fakta

Vinnarar av QSIMC

Vinnarar av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse sidan etableringa i 1988:

  • 2019: Sergey Kaydalov, baryton (Russland)
  • 2017: Seungju Bahg, tenor (Sør-Korea)
  • 2015: Lise Davidsen, sopran (Norge)
  • 2013: Kristina Mkhitaryan, sopran (Russland)
  • 2011: Dong-Hwan Lee, baryton (Sør-Korea)
  • 2009: Seung-Gi Jung, baryton (Sør-Korea)
  • 2007: Audun Iversen, baryton (Norge)
  • 2005: Daniel Behle, tenor (Tyskland)
  • 2003: Olga Mykytenko, sopran (Ukraina)
  • 2001: Marita Kvarving Sølberg, sopran (Norge)
  • 1999: Virginia Tola, sopran (Argentina)
  • 1997: Liao Changyong, baryton (Kina)
  • 1995: Akie Amou, sopran (Japan)
  • 1992: Simone Pedroni, piano (Italia)
  • 1988: Nigel Hill, piano (Storbritannia)
Seung Gi Jung fra Sør-Korea under finalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2009 (Foto: Terje Bendiksby, Scanpix)