Hopp til innholdet

Salongen på Oscarshall

I salongen er det ei stemning av mellomalder, med assosiasjonar til den gamle, norske gildehallen. Salongen dannar også ei vakker ramme om ulike arrangement.

Rommet har røde vegger og en utsmykning som minner om norsk middelalder.
Salongen på Oscarshall. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoff.

Oscarshall er ope for publikum om sommaren, men det blir også halde ulike arrangement her. Det kan vere konsertar og framsyningar som ein del av publikumstilbodet - eller mottakingar som inngår i Kongehusets offiiselle program. Då blir både Salongen, Spisesalen og parken teken i bruk. Til dømes heldt Kronprinsparet mottaking for diplomatar her i 2024.

Et tablå i salongen fra oppsetningen av Romeo og Julie.
Fra forestillingen På sommerslottet med Romeo og Julie. Foto: Anne-Sylvie Bonnet

Middelalder og nygotikk

Salongen opnar seg mot parken utanfor gjennom austvende glasdører og høge spissbogevindauge - heilt i tråd med idealet i den romantiske arkitekturen om størst mogleg nærleik til naturen. Men møblar og utsmykking i salongen leiar tankane mot mellomalderen og den gamle norske gildehallen.

Den kunstnariske utsmykkinga av Hans Michelsen og Christopher Borch understrekar preget av mellomalder. Kong Oscar I engasjerte seg aktivt i valet av kunstnarar og motiv for skulpturane.

Mellomalderkonger

Hans Michelsen utførte fire statuar av norske mellomalderkongar, som er plasserte på konsollar på kortveggane. På vestveggen står Harald Hårfagre og Olav den heilage. På austveggen står Kong Sverre og Olav Tryggvason.

Christopher Borch modellerte dei tjue hovuda som er innfelte i dei sirkelrunde felta som del av veggdekoren. Dei representerer typiske mellomaldertypar: krigaren, bonden, den geistlege, statsmannen og den skriftlærde.

Oscarshall: Salongen

Tjue hovuder er innfelte i sirkelrunde felt som del av veggdekoren. Dei er modellerte av Christopher Borch og representerer ulike mellomaldertypar: krigaren, bonden, den geistlege, statsmannen og den skriftlærde. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet
Fire statuar av norske mellomalderkongar er plasserte på konsollar i Salongen. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoff.
Sentralt i hovudfeltet i himlinga heng ei lysekrone, og utsmykkinga omkring minner om eit gotisk rosevindauge. Rundt dette midtfeltet er det fire mindre felt med ulike våpenskjold. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoffet

Heraldikk

Mellomalderen var stordomstida for heraldikken og våpenskjold er ein del av utsmykkinga fleire stader på Oscarshall. I taket i salongen finst riksvåpna til Noreg og Sverige, Kong Oscar og Dronning Joséphines familievåpen, Bernadottane sine stamvåpen og det leuchtenbergske stamvåpenet frå Bayern. Det er òg plassert våpenskjold over dørene.

Bruken av våpenskjold i kongelege interiør var ikkje uvanleg i samtida, men kan òg sjåast som eit viktig aspekt av nygotikken. Interessa for historie, slektsgransking og stamtavler var ofte stor hos tilhengjarane av denne stilretninga.

En av Nebelongs skisser til Oscarshall: stoler til salongen. Foto: De kongelige samlinger

Stolane på Oscarshall

Møblement

Møblane Nebelong teikna til Oscarshall, er blant dei beste eksempla på nygotisk kunstindustri i Noreg. Spesielt dei ulike stolane har vorte vurderte som noko av det mest vellykka Nebelong formgav.

Langs veggene i Salongen står 18 høgryggja nygotiske stolar. Stolane er trekte med same raude fløyel som veggene og har monogrammet til kong Oscar I brodert på stolryggen.

To armstolar som skulle brukast av Kong Oscar I og Dronning Joséphine når de tok imot gjestene sine, er plasserte ute på golvet på kvar side av eit rundt, forgylt bord med marmorplate.