Hopp til hovedinnhold

Nytenking og tradisjon i Vågå

Kronprinsparet fekk innblikk i både gründerskap og gamle tradisjonar da dei besøkte Vågå i føremiddag. Den Høgvyrde Kronprinsen og Kronprinsessa er på fylkestur i Oppland.

19.09.2019

Kronprins Haakon starta dagen blant oppstartsbedrifter hos BETA. BETA er eit kontorfellesskap for gründerar i Vågå sentrum som vart starta av lokale eldsjeler i 2016. I dag tiltrekkjer dei seg gründerar frå store delar av Gudbrandsdalen, i tillegg til å samarbeide med likesinna fellesskap i andre delar av Noreg – og verda.

Ut av "gøymekontoret"

Målet var å komme ut av "gøymekontoret" og etablere ein stad der små oppstartarar kunne komme saman og dele erfaringar, kunnskap og kontaktar. Fellesskapet gjer det enklare å jobbe saman på ulike prosjekt, samtidig som kontoret betyr eit profesjonelt miljø å invitere kundar og samarbeidspartnarar til. 

Ein historisk hage

Frå gründerane i BETA gjekk ferda til Ullinsvin, den gamle prestegarden i Vågå. Der inviterte historielaget på omvising i den restaurerte "Prestgardshågein".

Kronprins Haakon får ei omvising i hagen, guida av Unn Bostad og Kari Hølmo Holen. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Her finst blant anna "Oldemors urtehage", oppkalla etter Christine Storm Munch – oldemor til ingen ringare enn målaren Edvard Munch. Christine var prestekone her frå 1776 til 1786, og mange kom til henne for å få hjelp mot sjukdom og plager.

Ein veit ikkje nøyaktig kvar i prestegardshagen urtehagen hennar låg, men kva for nokre urter som mest sannsynleg voks der, er godt dokumentert – og gjenskapt.

Galleri Ullinsvin

Vågå har ambisjonar om å utvikle Ullinsvin som eit senter for kunst og kultur. I dag vart dette teke eit skritt vidare med opninga av Galleri Ullinsvin. 

Kronprinsessa kjem til Ullinsvin. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Fotografen Morten Krogvold har halde fotokurs i Vågå i 30 år. Jubileet markerer han som første utstillar ved det nye galleriet med utstillinga "Stille lys". 

Det var Kronprinsessa som stod for den offisielle opninga av galleriet:

– Her i Vågå tenkjer eg: Dette er noko av det finaste av det norske. Og det som inspirerer til stor kunst. Her har mange hobbyfotografar gjennom 30 år fått utvikla blikket sitt og skaparevna si. Her finn store kunstnarar som Kjell Erik Killi-Olsen ro og rom til å skape. Og her lever det gamle og det nye side om side – i ei vakker blanding av bevaring og fornying. Av arv, tradisjon og eit friskt blikk på kven vi er – og korleis vi skal fortelje om det.

Matkultur og handverkstradisjonar 

Etter opninga fekk Kronprinsen og Kronprinsessa høve til å vandre omkring på det flotte gardstunet. Det var ei rekkje kulturinnslag og tablå rundt om på tunet, og buer med gammalt handverk og tradisjonsrik mat.

Kronprinsessa får høyre meir om prosjektet "Ull på norsk". Foto: Guri Varpe, Det kongelege hoffet

Kronprinsessa fekk høyre om "Ull på norsk" – eit kurs i regi av Husfliden for innvandrarar som ønskjer å lære norsk og samtidig lære seg å strikke eller sy. Ein bakar frå Etiopia har òg slått seg ned her og serverer brød med etiopisk vri frå den gamle norske bakaromnen.

Fingermat på tunet var det Arne Brimi og lærlingane hans som stod for.

Arne Brimi og lærlingane hans byr på fingermat på tunet. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

Kronprinsparet fekk smake både røykt aure, grilla lam og varm brie frå Lesja.

Vidare til Sel

Frå Vågå reiste Kronprinsparet vidare til Sel kommune. Det er siste stopp på årets fylkestur. 

Kronprinsparet i Sel

 

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte seks kommuner i Oppland i løpet av tre dager i september 2019. Reisen gikk til Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook