Kronprinsparet i Skjåk
Forholdet til Ottavassdraget stod sentralt da Kronprinsparet besøkte Skjåk i føremiddag. Elva byr på næringsliv og rekreasjon – men kan òg vere farleg.
Ottavassdraget renn gjennom dalen og gjev grunnlag for både næringsliv og fritidsaktivitetar i Skjåk. Men elva kan òg by på utfordringar. Det var dramatisk da Ottavassdraget gjekk over sine breidder i oktober 2018. Det er stadig merke etter flaumen, noko Kronprins Haakon fekk høyre meir om da han kom til Ofossen Mølle i føremiddag.
Ordførar Elias Sperstad fortalde Kronprins Haakon om flaumen som ramma Skjåk i 2018. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures
Regn og kraftig snøsmelting førte til at vatnet steig med over ein meter på kort tid. Mange hus stod omringa av vatn, og eit stort hyttefelt vart isolert da Dyringsbrua vart teken av vassmassane. Ordførar Elias Sperstad fortalde om flaumen og viste bilete frå Skjåk den gongen.
– Vi følte verkeleg med dykk og følgde dykk tett da flaumen herja i fjor haust, fortalde Kronprins Haakon i talen sin seinare på dagen. – Vi følgde arbeidet, motet dykkar, dei nesten uverkelege bileta – og den iherdige innsatsen dykkar i etterkant – som framleis ikkje er heilt avslutta.
– Eg veit det har kravd mykje av mange av dykk, og de skal vite at vi beundrar både haldninga og innsatsen dykkar.
Seinare på dagen fekk Kronprinsparet høve til å møte Signe og Torvald Bakken, som vart evakuerte den gongen i 2018 – og mannskap frå Raudekrossen som deltok i redningsaksjonen.
Kronprinsparet helsar på mannskap frå Raudekrossen som deltok i redningsarbeidet under flaumen i 2018. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Ofossen Mølle
Ved Ofossen Mølle blir merkevarene Skjåkmjøl og Skjåkgryn produserte. Her bruker dei lokale råvarer, med mjøl og gryn frå gardar i distriktet. Produkta frå Skjåkmølla har vorte tildelte kvalitetsstempelet "Spesialitet Noreg" av KSL Matmerk.
Den første mølla i Ofossen vart sett opp i 1875, og sidan har det vore samanhengande drift her. Kronprins Haakon fekk ei omvising i dagens produksjonslokale og høve til å smake på ein av dei lokale spesialitetane, byggrynsgraut.
Rafting
Rafting er ein populær aktivitet, og Ottaelva byr på sjansar for både dette og andre former for vass-sport. Kronprinsparet heldt seg på land i dag, men fekk sjå raftarar i aksjon på elva. Det var raftarar frå Skjåk Adventure som demonstrerte korleis det skal gjerast.
Skjåk Adventure demonstrerer rafting i Otta for Kronprinsparet. Foto: Guri Varpe, Det kongelege hoffet
"Vatn i Skjåk"
Frå Ofossen Mølle gjekk turen til Bismo, som er administrasjonssenteret i Skjåk, og Jotunheimen Veterankøyretøyklubb stod for transporten. Her besøkte Kronprinsparet Skjåk barne- og ungdomsskule.
Kronprinsparet kjem til Skjåk barne- og ungdomsskule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
På skulen var det stilt ut elevarbeid Kronprinsen og Kronprinsessa fekk sjå. Arbeida hadde "Vatn i Skjåk" som tematikk og viste ulike sider av forholdet mellom bygda og elva – på godt og vondt. Kronprinsparet vart viste rundt på skulen av rektor Trude Teigen og besøkte òg avdelinga for spesialpedagogikk og leikeområdet.
Kronprins Haakon peika på forholdet til elva da han heldt tale mot slutten av besøket:
– Vatnet som av og til skaper store problem når det blir altfor mykje av det på éin gong, er jo samtidig livsnødvendig – noko de er svært medvitne om her i Skjåk og har jobba mykje med. Kor viktig vatnet er både for næringsutvikling og for rafting i elva, har det vore veldig fint å lære meir om.
Kronprinsparet snakkar med Reodor Bruland (6) og Heidi Jevnheim under besøket på Skjåk barne- og ungdomsskule. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Etter å ha styrkt seg på spekemat og rømmegraut drog Kronprinsen og Kronprinsessa vidare mot neste stopp på fylkesturen: Lom.
Aktuelle saker
Finalekonsert i Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris
Tre unge fiolinistar i verdsklasse stod på scena med Trondheim Symfoniorkester & Opera i går kveld. Prinsesse Astrid, fru Ferner gratulerte finalistane i ei videohelsing som blei vist under utdelinga.
Kronprinsparet i Midtre Gauldal og Trondheim
Fylkesturen fortsatte med besøk til kommunene Midtre Gauldal og Trondheim. Deres Kongelige Høyheter Kronprinsparet fikk et innblikk i livet på bygda og i by i Trøndelag.