Hopp til hovedinnhold

Avslutta i Sel

Sel kommune var siste stopp på Kronprinsparets fylkestur i år. Her var det duka for hyggelege møte med små og store – og firbeinte – på Glittersjå i Heidal. 

19.09.2019

På Glittersjå kan besøkjande komme i nærkontakt med dyr. Nokre av dei er ganske vanlege å finne på ein norsk fjellgard, andre er meir eksotiske – og enkelte ville ein ikkje forvente i det heile.

Hege Thorson Nordskar frå Glittersjå henta gjestene i ponnivogna. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

Rundt husa på garden er det mange frittgåande dyr, dei fleste av gamle norske husdyrrasar. Her er ponniar og andalusiske hestar, gammalnorsk spælsau og gotlandssauer, kyr og villsvin. Ein kan kose med kaninar og besøkje hareskogen. Det finst òg ein bjørneskog, men her er bebuarane skorne ut i tre, og nærkontakt er heilt ufarleg.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk høve til å helse på mange av dyra.

Kronprinsparet helsar på nokre av hundane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Kronprinsesse Mette-Marit helsar på kaninane. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

I tillegg til alle husdyra held ein elgfamilie på fire til på Glittersjø. Dei har sitt eige område på om lag 50 dekar, der dei beiter på gras, småfuru og lyng. Men kvar dag får dei òg eit lass med friske kvistar av rogn og selje, noko dei er spesielt glade i. 

Kronprinsparet helsar på "skogens konge". Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix  

Kronprinsparet helsa på "skogens konge" og fekk òg innblikk i elgjakt og bruken av elg gjennom ulike presentasjonar på tunet.

Avslutta med Heidalsost

Frå Glittersjå drog Kronprins Haakon til Heidal ysteri, der han fekk lære meir om dette tradisjonsrike handverket. Han fekk sjølvsagt høve til å smake på litt Heidalsost, og attpåtil fekk han eit riktig prakteksemplar av slaget i gåve: 

Under krigen vart ein raudost send i gåve til Kong Haakon. Tenestejenta Mari Stormyrengen laga forma i 1942. Finn Seiersted, eigaren av garden der Mari hadde teneste, tok han med til Oslo, og derfrå vart han send til Kongen i London. I dag fekk Kronprinsen ein i gåve frå Heidal ysteri.

Kronprinsen heldt den aller siste talen under årets fylkestur på ysteriet: 

– Vi er snart ved vegs ende av tre eventyrlege dagar i hjartet av landet. Både Kronprinsessa og eg kjenner på ei stor takksemd for alt vi har opplevd. For at vi lever i eit så vakkert land, saman med eit folk som er så kreativt og uthaldande og eig så stor omstillingsevne og medmenneskelegdom. Det er stort å reise rundt og oppleve folks kjærleik til heimstaden sin – med alt det frivillige engasjementet og all den innovative næringsutviklinga som spring ut av denne heimstadkjærleiken.

Kronprinsparet i Sel. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

– Gudbrandsdalen og fjellområda rundt dalen minner oss om det som står fast, som ber over tid. Over lang, lang tid. Det er noko trygt ved det, og samtidig noko overveldande. Mange land har mykje vakker natur. Men i Noreg har vi heldigvis ei eiga evne til å ta vare på han – og leggje til rette for at folk kan bruke naturen og ferdast i han på ein god måte – både sommar og vinter.


Med dette takka Kronprinsen og Kronprinsessa for mange fine opplevingar i Oppland. Besøket til Sel avslutta fylkesturen til Kronprinsparet.

 

 

 

 

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit besøkte seks kommuner i Oppland i løpet av tre dager i september 2019. Reisen gikk til Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook