Hopp til hovedinnhold

Vestibylen

Vestibylen er eit hovudverk i norsk klassisistisk arkitektur. Det er i Øvre vestibyle gjester blir mottekne av hoffsjefen ved gallamiddagar og medaljemottakingar.

Plasseringa av Vestibylen og Hovudtrappa midt i Slottet vart bestemmande for byplanlegginga i Oslo. Karl Johans gate vart bygd i 1830-åra for å knyte saman kongebustaden og byen. Ho er ein av dei viktigaste aksane i Oslo og den einaste paradegata av europeisk format i Noreg. Aksen vart lagt med Slottet sitt midtparti som utgangspunkt.

For arkitekt Linstow var førsteinntrykket viktig, vestibylen måtte imponere:

”Da en saadan Vestibule er tilgjengelig for alle og det første Indtryk gir størst Virkning, har jeg anseet det for passende at give denne Vestibule saavel som Hovedtrappen i det Hele en imponerende Charakter.”

Utforming og dekor

Hovudtrappa leier frå Nedre vestibyle via eit repos opp til Øvre vestibyle og ”piano nobile”, hvor romma som blir nytta til representasjon ligg. Øvre vestibyle tek opp dei fem vindaugsfaga bak søylefronten på Slottet, der det midtarste er døra som fører ut til slottsbalkongen. Den som kjem opp trappa, blir møtt av utsikta over Karl Johans gate opp mot Stortinget.

Søylene

Den øvre vestibylen er omkransa av 20 søyler i stukkmarmor. Det var opphavleg meininga at søylene skulle hoggast i kvit bergensk marmor. Stortinget løyvde pengar til dette i 1836, og marmorbrytinga vart sett i gang. Men på ei av utanlandsreisene sine i 1836–37 vart Linstow overbevist om at stukkmarmor ville vere eit gunstigare materiale, fordi ein da stod friare i valet av farge. Han foreslo søyler i stukkmarmor første gong i 1839, og på nytt i 1840 og 1842. Hausten 1843 fekk han aksept frå Slottskommisjonen.

Utsmykning

Veggene i Den øvre vestibyle er i dag fargesett etter Linstows opphavlege plan i rosa limfarge, med sinoberraud strekdekor med palmettar, mens søylene er gulkvite. Den kassetterte himlingen er stroken med kvit limfarge.

Den opphavlege trappa vart skifta ut i samband med ombyggingane i 1906–07. Trappa i terrasso og golvet er i dag dekt av spesialdesigna teppe. Botnfargen tek utgangspunkt i den djupe brunraude fargen i trapp og rekkverk, mens mønster og motiv viser slektskap med klassiske ornament og er teikna i tråd med Linstows detaljerte forslag til dekor.

Den kunstnarlege utsmykkinga i Øvre vestibyle består av skulpturar og relieff. Dei to relieffa gjev att sentrale hendingar med tilknyting til oppføringa av Slottet.

Relieffer

  • Kong Carl Johan legg ned grunnsteinen til Slottet den 1. oktober 1825
    Gipsrelieffet vart laga av Stephan Sinding i 1879 på bestilling av kong Oscar II.
  • Kong Oscar II avdukar Carl Johan-monumentet den 7. september 1875
    Gipsrelieffet vart laga av Mathias Skeibrok i 1882 på bestilling frå kong Oscar II. Carl Johan-statuen på Slottsplassen er utført i bronse av Brynjulf Bergslien og støypt i København.

Skulpturar

  • Byste av Kong Oscar I
    Bysten av Kong Oscar I, den første kongen som tok Slottet i bruk, er plassert i nisjen over reposet. Han er laga av Christen Daae Magelssen, datert 1882. Innkjøpt av Kong Oscar II.
  • Hylas, Herakles’ yndling
    Utført i marmor av Stephan Sinding og ferdigstilt i Roma i 1882. Skulpturen var ein del av den norske folkegåva til Kong Oscar II og Dronning Sophie til sølvbryllaupet deira i 1882.
  • Adam og Eva før syndefallet
    Skulpturen er laga av den danske bilethoggaren Jens Adolf Jerichau. Han vart gjeven i gåve til daverande Prinsesse Alexandra av Danmark frå danske godseigarar til bryllaupet hennar med Kronprins Albert Edward den 10. mars 1863. Han har tidlegare stått i Marlborough House, London.
  • Badande jenter
    Denne skulpturen er òg utført av Jerichau i 1868 og vart innkjøpt av prinsesse Alexandra same år. Han kom til Slottet som arv i 1925. Skulpturen har tidlegare stått i Sandringham House.
  • Ruth
    Skulpturen er utført av den norske bilethoggaren Carl Ludwig Jacobsen i 1885 og viser den bibelske figuren Ruth som samlar aks. Også denne skulpturen var ein del av sølvbryllaupsgåva til Kong Oscar II og Dronning Sophie i 1882.

Restaurering

Under restaureringsarbeida i 1990-åra vart det gjennomført ei fargeundersøking av vestibylen. Resultatet av fargeundersøkingane vart vurdert opp mot skriftleg arkivmateriale. Resultatet viste at rommet hadde gjennomgått to hovudfasar gjennom dei siste hundre og femti åra:

  • Den første fasen dekte perioden frå 1849 til 1906. Da var fargesetjinga lik den opphavlege, med vegger i rosa limfarge med sinoberraud dekor rundt veggfelta. Dei gulkvite stukkmarmorsøylene vart framheva av den rosa bakgrunnsfargen.
  • Den andre fasen var perioden 1907 til 1997. Veggene i  øvre og nedre vestibyle vart da, i tråd med moten i tida, måla i same gulkvite tone som stukkmarmorsøylene.

Da vestibylen skulle setjast i stand, var spørsmålet om ein skulle halde på den nitti år gamle fargesetjinga som var frå same tid som trappa og trapperekkverket, eller om rommet burde førast tilbake til dei opphavlege fargane. Ein valde å gjennomføre Linstows opphavlege fargesetjing, og kapitéla på stukksøylene vart i tillegg forgylte i tråd med det opphavlege utkastet i Den store komposisjon.

I gjennomkøyrselen og trapperommet i Nedre vestibyle vart Linstows fargesetjing tilbakeført i 1971 under Kong Olav.

 

09.11.2012

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Kronprins Haakon forteller barn om Vestibylen og Slottsbalkongen (Foto: NRK)
Fakta
Stukkmarmor

Stukkmarmor er en blanding av vann, fortynnet benlim, gips, knust dolomitt og forskjellige fargepigmenter.

Blandingen formes for hånd og påføres deretter et godt fuktet underlag.

Når massen har herdet begynner det møysommelige slipearbeidet med pimpestein, gjerne i 6-8 omganger før man oppnår høypolert glans.

Stukkmarmorsøylene i Vestibylen har en bærefunksjon; som en kjerne i hver søyle står en trestolpe. Rundt treet er det så lagt sivmatter, som igjen er dekket av stukk.