Hopp til hovedinnhold

Slottskapellet

Slottskapellet dannar ramme rundt viktige storhendingar i livet til kongefamilien. Dåp og konfirmasjon blir haldne her, og her låg Kong Haakon VII og Kong Olav V på lit de parade mens dei frammøtte tok eit siste farvel. Den inntil vidare siste store hendinga i kapellet var dåpen til Prins Sverre Magnus i 2006 og Emma Tallulah Behn i 2009.

Søndagar er det regelmessig gudsteneste her i regi av studentkyrkjelyden i Oslo. Sidan 2002 har kapellet òg vorte brukt til konsertar, primært i samarbeid med Oslo kammermusikkfestival.

Grunnsteinen til Slottet

Kong Carl Johan la ned grunnsteinen til Slottet under ein høgtideleg seremoni den 1. oktober 1825. Steinen vart lagd under alteret i Slottskapellet. Under seremonien rekte slottsarkitekt Linstow kongen murskeia, og ho er i dag utstilt i Øvre vestibyle på Slottet.

Plasseringa av grunnsteinen nettopp her fortel oss om plassen eit slottskapell hadde som del av eit kongeleg residensslott. Kapellet er det einaste rommet som ber Kong Carl Johans monogram og årstalet 1843, som var året for feiringa av kongens 25-årsjubileum på trona. Men rommet stod ikkje ferdig før tidlegast ved utgangen av 1844.

Utforming og dekor

Slottsarkitekt Linstow sende teikningar frå Berlin i 1837 for utforminga av både kyrkjerommet og korpartiet. Også her er det tydeleg at han har henta inspirasjon frå den tyske arkitekten Schinkel.

Kapellet har sideskip med galleri som blir borne av seks pilarar på kvar side av langsidene. I brystninga i sideskipa er det felt inn gipsrelieff av dei fire evangelistane, utførte av bilethoggaren Hans Michelsen.

Koret blir avslutta i ein apside (ein halvsirkel), og veggen bak alteret er utført i rosa stukkmarmor. Orgelet er plassert på galleriet over.

Sjølve alteret er utført i kvit stukkmarmor. I midten står ein forgylt kross, flankert av Olav Glosimodts marmorfigurar av apostlane Peter og Paulus. Til venstre for alteret står preikestolen, som òg er halden i kvitt og gull.

Fargevalet i interiøret elles er grått, beige, grønt, fiolett og brunt, typisk for 1840-åra. Innreiinga elles i kapellet med pilarar, galleri og himling i tre innvarslar den nye trearkitekturen som kom til å prege siste halvdel av 1800-talet.

Den rikt dekorerte himlingen vart utført av Peder Wergmann sommaren 1843.

Restaurering

Kapellet vart restaurert i 2004 i samband med dåpen til Prinsesse Ingrid Alexandra og står i alt vesentleg fram slik det var da Slottet vart innvigd i 1849.

Det einaste som manglar, er dei opphavlege messinglysekronene som hang i kapellet fram til 1903. Originalane finst i dag i Vanse og Hole kyrkje. Det er planar om å få laga kopiar av dei, slik at belysninga av midtskipet på ny blir som på midten av 1800-talet.

09.11.2012

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Kronprinsesse Mette-Marit forteller barn om Slottskapellet (Foto: NRK)