Hopp til hovedinnhold

90 nasjonar på same skule

Hennar Majestet Dronninga besøker i desse dagar UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler. Skulen har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling.

22.09.2023

UWC Røde Kors Nordisk er ein internasjonal vidaregåande skule, ein av til saman sytten United World Colleges (UWC) på verdsbasis. Dronning Sonja er skulens høge beskyttar.

I går deltok Dronninga på ulike arrangement på skulen saman med elevar og gjestar. 21. september er den internasjonale fredsdagen, men også UWC-dagen.  

Dronning Sonja vart vist rundt på området for å sjå ulike aktivitetar og møtte fem studentar over te og kaker. Kvelden vart avslutta med middag i Høegh-bygget og kulturprogram i auditoriet.

Dronning Sonja møtte fem studentar over te og kaker. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Kvelden vart avslutta med kulturprogram i auditoriet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Besøket fortsett i dag med visning av arbeid av elevar og lokale barn i utstillinga "Shaping a sustainable future" og eit besøk til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter som ligg i nær tilknyting til skulen.

Dronninga fekk sjå arbeid av elevar og lokale barn i utstillinga "Shaping a sustainable future". Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

UWC Røde Kors Nordisk samlar 200 elevar frå kring 90 nasjonar. Elevane deler klasserom og måltid med menneske frå andre land og kulturar. Det gir dei ei unik forståing av verda.

Dronning Sonja besøker skulen for ellevte gong sidan opninga i 1995, då ho føretok den offisielle opninga saman med Dronning Noor av Jordan.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook