Hopp til hovedinnhold

Fortenesteordenen

Den Kongelege Norske Fortenesteordenen vart stifta av Kong Olav V i 1985. Han blir tildelt som lønn for særleg fortenestfullt virke for Noreg og menneskeheten.

Ordenen vart i hovudsak tildelt norske borgarar for virke i utlandet og utanlandske borgarar for virke i utlandet eller i Noreg.

Noregs regjerande monark er Stormeister i ordenen.

Fortenesteordenen er delt inn i tre gradar:

  • Storkross

  • Kommandør (delt inn i to klassar)
    • Kommandør med stjerne
    • Kommandør

  • Riddar (delt inn i to klassar)
    • Riddar av 1. klasse
    • Riddar

Utforming

Ordensteiknet er ein Olavskross – forgylt eller i sølv – med ei enkelt krone i kvar av dei fire hjørna og innfelt ein likearma avrunda raud kross med det krona monogrammet til Kong Olav V i midten.
Ordensbandet er eit djupblått band.


Riddarkrossen til Fortenestordenen. Foto: Jan Haug, Det kongelege hoff

Korleis ordenen skal berast

Ordensteiknet skal berast på same måte som St. Olavs Orden:

Riddarkrossen skal berast på venstre side av brystet og kommandørkrossen i band om halsen, mens storkrossen skal berast i eit breitt skulderband på skrå over høgre skulder. Kvinner ber riddarkrossen og kommandørkrossen i sløyfe av riddarkrossbandet på venstre side av brystet.

Ordensteiknet skal returnerast til Ordenskanselliet ved forfremjing eller død.

Søknad

Søknad om tildeling skal stilast til Hans Majestet Kongen og skal sendast Fortjenstordenens kanselli. 

Nærare om søknad om tildeling

 

19.03.2021

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook