Hopp til hovedinnhold

Sikringsprosjektet

Hausten 2018 starta arbeidet med nytt logistikkbygg og perimetersikring omkring Slottet og dei andre kongelege eigedommane. Det er to viktige element i arbeidet med tryggleiken rundt eigedommane.

På oppdrag frå Justisdepartementet gjennomførte Politidirektoratet ei vurdering av tryggleiken omkring Slottet og dei andre kongelege eigedommane. Sluttrapporten låg føre i 2015, og med den som utgangspunkt har Det kongelege hoffet arbeidd med å utvikle tryggleiken vidare. Etter å ha gjennomført moglegheitsstudie, forprosjekt og detaljprosjektering vart arbeida sette i gang i byrjinga av oktober 2018. Dei blir forventa sluttførte i 2021.

Oversikt over arbeider

Sikring rundt Slottsparken

Den såkalla perimetersikringa omkring Slottet vil vere den delen av arbeida som vil vere mest synleg for publikum. Den vil følgje ytterkanten av Slottsparken og bestå av portar, pullertar, gjerde og murar, avhengig av området det gjeld. Det naturlege terrenget vil bli utnytta i størst mogleg grad.

Målet er å hindre bilar som ikkje har vorte godkjende på førehand, i å køyre inn i parken og/eller opp til Slottet. Tiltaka vil ikkje vere til hinder for fotgjengarar eller syklistar og heller ikkje hindre innsyn i parken. Det er eit svært viktig prinsipp at publikum skal ha den same tilgangen til Slottsparken som tidlegare. 

Dei følgjande illustrasjonane viser korleis sikringa kan bli løyst på ulike stader rundt parken. Dei små bileta viser korleis det ser ut i dag – det store korleis det kan bli.

Det vil bli dynamiske pullertar i Slottsbakken. Desse kan hevast og senkast etter behov.

Illustrasjon: Link Arkitektur AS Landskap.

I nokre område vil det komme murar. Dei vil vere 60 cm høge og er i ein del tilfelle vidareføringar av murar som alt finst.

Illustrasjon: Link Arkitektur AS Landskap.
Fastmonterte pullertar skal brukast som gjerde omkring andre delar av parken. Pullerten som er vald, er av ein type som heiter "Manchester". Dei fleste stadene vil det vere kjetting mellom pullertane, men her i krysset mot Litteraturhuset er det valt faste stag – av omsyn til trafikktryggleiken.

Illustrasjon: Link Arkitektur AS Landskap. 
Der fotgjengarar og syklistar skal passere, er det sjølvsagt verken stag eller kjetting, og pullertane skal plasserast med mellomrom på 1,20 meter. Dermed kan både syklar, barnevogner og elektriske rullestolar passere.

Inngrep i parken

Sikringstiltaka følgjer som hovudprinsipp yttergrensa til Slottsparken. Vi legg stor vekt på å finne løysingar som er best mogleg tilpassa kvart område, og som i størst mogleg grad varetek uttrykket til parken og trea. 

Eit velvakse tre kan ta skade av gravearbeid innanfor ein radius på fem meter. Nokre stader veks tre nær parkgrensa, og det er sannsynleg at enkelte vil måtte fellast. 

Belysning

Som ein del av tryggleiksarbeidet har vi auka belysninga i Slottsparken. Dette arbeidet stod ferdig i 2019. Det vart i stor grad nytta vakuumgraving under arbeidet for å skåne trerøtene.

Nytt logistikkbygg

Det blir bygd eit logistikkbygg i Stallgården ved Slottet. Bygget skal bidra til sikker handtering av post og varer, blant anna ved at alle leveransar utanfrå vil gå til det frittståande logistikkbygget i staden for opp til sjølve slottsbygningen. 

Bygget vil liggje i Stallgården, delvis inn i terrenget mot Dronningparken. Dermed får bygget fasade berre mot stallbygningen og blir lite synleg frå andre stader.

Skisse av logistikkbygget i Stallgården. Illustrasjonen er utarbeidd av NAV A.S Arkitekter

Sett frå Dronningparken er det først og fremst taket på bygget som vil vere synleg. Det vil bli dekt av skiferaktige solceller og planter. Målet er at bygget skal bli eit positivt eksempel på korleis eit nybygg kan passast inn i verneverdige omgjevnader. Riksantikvaren har gjeve si tilslutning til prosjektet.

Det blir ikkje mindre park som konsekvens av det nye bygget – men store delar av det som i dag tener som parkeringsplass for Det kongelege hoffet, forsvinn. 

Eit miljøbygg

Det er inngått avtale mellom Statsbygg og FutureBuilt, og det nye logistikkbygget skal bli eit såkalla førerbiletebygg. FutureBuilt har som mål å få fram 50 førebileteprosjekt som viser at det er mogleg å utvikle klimanøytrale bygg med høg kvalitet.   

Du kan lese meir om miljøprofilen til logistikkbygget her

Det blir gjennomgåande brukt materialar med lågast mogleg klimagassutslepp. Det vil bli nytta både tre- og andre biomassebaserte produkt, resirkulerte materialar og nye, innovative løysingar for lågutsleppsbetong.

Logistikkbygget skal bli eit "nær nullenergihus", det vil seie at det ikkje skal bruke meir energi enn det skaper sjølv. Dersom det vidare arbeidet viser at det er mogleg, vil ambisjonen bli oppjustert til plusshus: ein bygning som faktisk produserer meir energi enn han forbruker. 

 

08.01.2020

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Fakta

Fakta om logistikkbygget

Formål: Sikker håndtering av post og varer, blant annet ved at alle leveranser utenfra vil gå til det frittstående logistikkbygget istedenfor opp til selve slottsbygningen. 

Byggestart: 2018
Ferdigstillelse: 2020

Byggherre: Statsbygg
Oppdragsgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bruker: Det kongelige hoff

Kostnadsramme: 120 millioner

Illustrasjon: NAV A.S. Arkitekter
Fakta

Fakta om perimetersikring

Formål: Å hindre kjøretøy i å ta seg inn i Slottsparken og/eller opp til Slottet uten tillatelse.

Byggestart: 2018
Ferdigstillelse: 2021

Byggherre: Det kongelige hoff

Kostnadsramme: 592 millioner for alle kongelige eiendommer (i 2018-kroner). Utgiftene til sikring av Slottet vil være den største andelen av dette.

Sikringen med mur langs Parkveien, mellom Uranienborgveien og Riddervoldsgate, var den første delen av perimetersikringen som ble ferdigstilt. Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff